Norsk Målungdom

Sentralstyret 2018-2019

Leiar – Fredrik Hope (Frå Gloppen, fødd 1993)

Fredrik har bakgrunn frå både Firda Målungdom, Skibladner Målungdom og Studentmållaget i Bergen. I fyrst- og sistnemnde har han vore leiar, og han har også sete eit år i landsstyret. I 2014 vart han vald inn i sentralstyret. Fredrik er elles ein driven felespelar, har ein bachelor i retorikk frå UiO og studerer i dag bibliotekvitskap ved HiOA.

E-post: fredrik@malungdom.no Telefon: 954 04 115

Nestleiar – Gunnhild Skjold (Frå Tromsø, fødd 1995)

Gunnhild har bakgrunn frå Studentmållaget i Tromsø, der ho har vore leiar. Ho har vore i landsstyret i fleire peiodar. Gunnhild studerer til å bli lektor i realfag ved UiT.

E-post: gunnhild@malungdom.no Telefon: 97417145

Skrivar – Eline Bjørke (Frå Løten, fødd 1993)

Eline har vore leiar i Studentmållaget i Nidaros og ho har sete to periodar i landsstyret. Ho er utdanna lektor frå NTNU.

Økonomiansvarleg – Frida Pernille Mikkelsen (Frå Førde, fødd 1997)

Frida har bakgrunn frå Firda Målungdom og Studentmållaget i Oslo. Ho har sete to periodar i landsstyret. Frida studerer arkeologi ved UiO.

Sentralstyremedlem – Svein Soldal Eggerud (Frå Stord, fødd 1995)

Svein har vore kasserar i Studentmållaget i Stavanger og har sete to periodar i landsstyret.

Sentralstyremedlem – Åsmund Mikalsen Kvifte (Frå Osterøy, fødd 1992)

Åsmund har vore aktiv i Ås studentmållag i mange år, og han har sete i landsstyret i fire periodar før han vart valt inn som vara i sentralstyret i 2016.

1. vara – Kine Gjertrud Svori (Frå Luster, fødd 1996)

Kine har vore leiar i Fron Målungdom og har sete eit år som landsstyremedlem og eit som sentralstyremedlem. Ho går lektorprogrammet med tysk på UiO.

2. vara – Hans Rasmus Glomsrud (Frå Eidsberg, fødd 1993)

Hans Rasmus har vore leiar i Østfold dialekt- og målungdom, han har sete i landsstyret, og i sentralstyret i to periodar.

3. vara – Tobias Christensen Eikeland (Frå Oslo, fødd 2000)

Tobias har hatt verv i andre organisasjonar. Han går på vidaregåande skule.